
Den store nordiske krigen er nemninga på den krigen som vart ført i nord- og aust-Europa frå 1700 til 1721 mellom Sverige på den eine sida og på den andre sida ein storkoalisjon først med Sachsen-Polen, Danmark-Noreg og Russland, og frå 1715 Preussen og Hannover i tillegg. Krigen vart avslutta med freden i Nystad i 1721.
Under dei siste krigsåra herja den russiske flåta langs den svenske austkysten. I 1719 brant dei mellom anna ned nesten alle bygningar på øyane i Stockholm-skjærgarden.
Innhaldsliste |
I Noreg førde denne krigen til oppstand fleire stader, av di utgiftene til krigen vart store, og skattane urimelege som følgje av dette. Bøndene sette seg imot, av di dei både vart tvangsutskrivne til den dansk-norske heren, og laut huse soldatar i heimane sine, noko dei ikkje hadde hug til. Attåt finn ein at svenske troppar herja over austlandsbygdene og i Trøndelag.
I Hallingdal førde skattlegginga under krigen til oppstand i 1713, førd av bygdehovdingen Elling Nilsson Villand, og i Telemark sette bøndene seg imot tvangsutskriving og hard framferd frå framande offiserar. Her vart oppstanden førd av Olav Hovdejord. Mykje av årsaka til dette, kan ein finne i at nordmennene på mange vis ikkje kjende at dette var deira krig, men snarare eit oppgjer mellom Danmark og Sverige.
Eit kompani svenske soldatar vart stogga på Norderhov i 1716 (Anna Kolbjørnsdotter).
Krigshandlingane i Noreg gjekk for det meste føre seg aust i landet. Svenskeheren gjekk mellom anna til åtak på Halden fleire gonger, og byen vart bremd av borgarane der, leia av Peder Kolbjørnsen. Karl XII vart skoten ved Fredriksten Festning i 1718.
Eit kompani karolinske soldatar sette livet til på fjellovergangen ved Tydalen i Trøndelag vinteren 1716. Desse hendingane var med på å svekke tiltrua til den svenske herleiinga.
Why are we here?
All text is available under the terms of the GNU Free Documentation License
This page is cache of Wikipedia. History